20.01.2020

05.01.2020

Please reload

Siste nyheter
Aktuelt

Minneord for Håvard Løvik

17.02.2020

Det er med stor sorg klubben har mottatt budskapet om at mangeårig medlem i Stavanger Sjakklubb og tidligere leder i Ungdommens Sjakkforbund, Håvard Løvik, er død. Per Blikra har her forfattet et minneord om Håvard, som vi ønsker å dele:

 

 

Mangeårig medlem i Stavanger sjakklubb og tidlegare USF-ledar Håvard Løvik er død.

 

Håvard sovna inn i heimen sin den 10. februar, 53 år gammal. Håvard var styreledar i USF frå 2006 til 2011. Håvard var før det aktiv lokalt og regionalt i barne- og ungdomssjakken via Stavanger sjakklubb,Stavanger sjakklubb ungdom og skulesjakken på Jåtten og Kvaleberg. Dette lokale engasjementet hadde han med seg mens han var ledar i USF og tida etter. Håvard var ein sosial person som lett fekk kontakt med andre, både voksne og unge. Han var genuint interessert i andre mennesker, og mange har nok positive minner frå meiningsfulle samtalar med Håvard. Håvard organiserte turneringar og samlingar lokalt i Stavanger. Han såg sjelden problemer, men tenkte på vanskelege ting som dukka opp som utfordringar som måtte løysast. Som då me var 40 personar som skulle bu, læra sjakk og spilla BGP-turnering ei helg i Sirdalen på ei hytte som var for liten for 30. Takka vera Håvard gjekk det meste som smurt, og barn og ungdommar som var med fekk gode minner å ta med seg vidare i livet.

 

Håvard var inkluderande og hjelpsom. Når barn og ungdom frå andre delar av landet deltok på sjakk-turneringar i Stavanger, åpna Håvard huset sitt, og mange sterke norske sjakkspillerar var stovevarme på Mariero då dei var yngre.

 

Håvard var ikkje like aktiv i sjakkmiljøet dei siste åra. Men han dukka likevel opp på turneringar i Stavanger og hjalp til når det var behov for det. Både Landsturneringa i 2017 og på mange Norway Chess-turneringar. Håvard likte fortsatt å spilla sjakk, og var og med i 5C og spilte den årlege lynsjakkturneringa hos Frode Wiggen i romjula.

 

Håvard var far til IM Lasse Østebø Løvik som mange år spilte for Stavanger sjakklubb, og nå er sentral i Eliteserielaget til Bergen sjakklubb.

 

Mange i sjakkmiljøet i Stavanger har gode minner om Håvard, og han vil bli huska lenge.

 

Begravelsen til Håvard vil vera fredag 21. februar klokka 13.00 i krematoriet.

 

Per Blikra

 

 

 

 

 

Please reload

Please reload

Søk på tagger